Velkommen til Næringsfabrikken

Straks åpner vi nye dører!

Næringsarena, kontorfellesskap og Cowork på indre Sunnmøre!

Straks opnar vi dørene til nye moglegheiter i eit unikt område i bygget – som knappast nokon gong har vore i bruk.

I det historiefylte huset vårt har det siste tida vore mykje aktivitet. Vi gler oss no stort til å kunna invitera både nye leigetakarar, gjestar frå fjern og nær og endå fleire inn.

Nettsider, bookingteneste og endå litt til framleis er under utvikling.

Finn din plass i Coworken!

Her kan du sitte i ope landskap eller cellekontor. Du finn også eit eige studio og sjølvsagt møterom i alle moglege storleikar. Du kan til og med sitte i møte med himmelen som tak!

«Det må kunna kallast unikt når du kan ha ein slik arbeidsplass. Som om du sat på brua til eit ruvande skip, er du så nære vasskorpa at du kan sjå laksen i auga når den hoppa, og i neste augeblink nyt du tindefjell og natur du berre kan drøyme om, i stort sett heile verda ellast! Du kan lett no ein liten tur opp i skogen, ned i fjøra eller bortom treningsrommet – midt i arbeidstida om du he moglegheit. Men du kan også berre nyta tilværet rett frå ein herleg loungestol, eller frå eit av dei andre verdskjende møblane i denne leikegrinda. Eller, ka med å faktisk berre mosjonera litt, langs vindauget på Sunnmøres mest solfylte plass, medan du jobba!? -blir hjelpt. Bedrifta di må berre ha ein plass her!»

Næringsarena på indre Sunnmøre.

Coworken er saumlaust fletta saman med næringsarenaen. Det gir rom for uante moglegheiter. I næringsarenaen finn du eit mangfald av tilbehøyr og løysingar – og veien til nye, spennande samarbeid er kort. Her finn du aktivitetar og forum for teknologi, industri og andre næringsmiljø.

I næringsarenaen finner du:
– Konferanse-/kursrom med sitjeplass til 100
– Multiareal for messe, fagdag og ulike arrangement
– Bar og lounge
Planar? Send ein førespurnad.

Ute etter lokasjon for di bedrift?

Over 30 spennande bedrifter er allereie på plass i Næringsfabrikken. Vi legg til rette for deg med lita bedrift, og deg med stor. Fortel oss behova dine og dine tankar, så skal vi gjere vårt beste for at bedrifta di får ei god løysing – og god plass. Det kjem kantine på huset, i tillegg får du tilgang på møterom og fasilitetar som elles er tilgjengeleg for alle på Næringsfabrikken.

Ta kontakt for ein prat om kva moglegheiter som kan tilbydast.

Teknologi og utvikling.

På Næringsfabrikken er det høgteknologiske bedrifter og elles godt miljø for teknologi og utvikling i bygget. Det blir no jobba for å leggje til rette for ein eigen næringslab for ulik aktivitet.

Har du noko spennande på gang? Kontakt oss for ein prat.

Kontakt oss

E-post : post@nfab.no

Telefon: 91 61 97 45

Næringsfabrikken AS
Sykkylvsvegen 125
6230 Sykkylven